hjem / nyheter / utgivelser / info. og presse / distribusjon / demoer / lenker / kontakt

12/01/2009 / hulder og bulder med i innkjøpsordningen

Via Music’s plate med Hulder Bulder er innkjøpt av Norsk kulturrÃ¥d.

Liv Sandven som leder komiteen for innkjøpsordningen for fonogram uttaler:

Norsk kulturråd har i fleire år satsa særskild på musikk for barn. Det er difor gledeleg å kunne kjøpe inn fem plater med nyskrive materiale.

DÃ¥ komiteen for innkjøpsordninga for fonogram møttes i november, sto fem barneplater pÃ¥ innkjøpslista av til saman 39 innkjøp. Dei innkjøpte platene er: “Pulverheksas jul” av Maj-Britt Andersen, “Røde hunder” av Trond Brænne, “Sangen om Omis” av Geirr Lystrup, “Indianer Cowboy” av Klaus Sonstad og “Troller du meg, troller jeg deg” av Hulder Bulder.

Ein stor del av den norske barneplateproduksjonen er avspinn frå Barne-TV, samleplater eller gjenutgjevingar av gamle klassikarar. Det er viktig å gi Torbjørn Egner vidare til nye generasjonar, og NRK sine produksjonar held eit høgt nivå, men det er ekstra kjekt med nye plater som står på eigne bein. No byggjer rett nok både Pulverheksa og Røde Hunder på barnebøker, men dei har likevel eit uavhengig preg. Maj-Britt Andersen og Trond Brænne er veteranar på dette feltet, men klarer framleis å engasjere barna både på scena og på plate.

Geirr Lystrup har tidlegare vore både i Sri Lanka og Sierra Leone og laga plater med og om barn der. På den nye plata har han tatt turen til Nepal. Klaus Sonstad er for mange betre kjend som Odin Jensenius fra Are og Odin på P3. Han har ikkje uventa laga ei plate med mykje humor. Hulder Bulder er óg trøndarar. Med ei enkel instrumentering lagar dei spennande musikk som hentar impulsar frå mange hald, frå norske folketonar til latinske danserytmar.

Dei fem platene har eit stort spenn i både tematikk og sjanger, og viser at det framleis går an å lage gode barneplater utan å ha eit stort mediekonsern i ryggen. Vi håper å sjå meir av dette framover.

Innkjøpsordninga har i år handsama 769 søknadar og kjøpt inn 189 plater. 49 av søknadane har gjelde barneplater. Av desse har 14 blitt innkjøpt.

(Kilde: Norsk kulturråd)