â€Da morgonens mord var fråseg-gjort,
sov ein soldat så godt.
Han låg på henne, og ho kunne sjå,
på stjerner og himmelblåttâ€.
â€Og englane såg sine venger i brann
og Gud fekk svidd av sitt skjegg.
Og Dommedag vart ingenting av.
Det fanst ikkje att ei sjelâ€.
Strofene er hentet fra aktivisten, dramatikeren, lyrikeren og visedikteren Arnljot Eggens tekst “Legenda om soldaten i tredje verdskrigen”. Den er en blant mange som ble tolket av visesangeren Jørn Simen Øverli på et opptak gjort i en garasje på Kjelsås i Oslo, i juni 2001. Musiker var Stian Carstensen. Og Eggen var selv tilstede - kommenterte lavmælt og nikket “ja”. Lyddesignere var tekniker Audun Strype og produsent Sigbjørn Tveite. Portrettalbumet fikk tittelen “Teietid”, og ble utgitt av Via Music i anledning Eggens 50-årsjubileum som dikter samme år.
Arnljot Eggen døde i går, 4.februar 2009, 85 år gammel.
Han var født i Tolga i Østerdalen 13.august 1923, og debuterte i 1951 med diktsamlingen â€Eld og is”. Her er utdrag fra Via Musics presseinformasjon i anledning jubileumsplaten “Teietid” (2001): Han har ein mangearta produksjon bak seg: 11 diktsamlingar, både prosa- og diktbøker for barn, radiohørespel, scenestykke og lokalhistoriske verk. Han var forfattar for fjernsynserien â€Den lange streikenâ€, sendt i Nordvisjonen, og seinare omarbeidt til ein ungdomsroman som han fekk Kritikarprisen for i 1982. Blant andre prisar kan nemnast Dagbladets lyrikkpris og Doblougprisen. Arnljot Eggen har vore med på gjendikting av polsk og russisk etterkrigslyrikk, omsett nær 40 teaterstykke, mest for Det Norske Teatret og Radioteatret, for siste medium også afrikansk versdrama. Mange av scenestykka har krevd gjendikting av songtekstar som i t.d. Brechts â€Mor Courage†og â€Cabaret Becaudâ€. Av Wolf Biermann gjendikta Eggen viser og dikt under tittelen â€Songar til piggtrådharpeâ€(Pax 1971) og seinare Biermanns versdrama â€Dra-Draâ€(Solum 1989). Arnljot Eggen har sjølv mange viseinnslag i sine eigne dramatiske verk. Det gjeld ikkje minst det segnomsuste â€Pendlerne†sett opp på Nationaltheatret i 1972, også brukt av Riksteatret, og med Finn Ludt som komponist og arrangør. Stykket er saman med hørespelet â€Hjula stansar på Knaben†og teaterstykket †Så Flisa fiker†samla i boka â€Vi er dei mangeâ€(Samlaget 1987). I slutten av 60-åra var Eggen ei tid ein slags husdiktar i Fjernsynet der Hågen Ringnes tinga viser som innleiing til debattprogrammet â€Her og nåâ€. Visene vart til slutt samla i ein fjernsyn-cabaret med tittelen â€På baksidaâ€. Eggen seier sjølv at han ante lite om fjernsynets gjennomslagskraft før sjåarar etter sendinga delvis skjelte han ut for â€venstrevri†og delvis roste han for å ta opp brennbare spørsmål. Og VG spanderte førstesideoppslag dagen etter om at no gjekk â€NRK over strekenâ€. Arnljot Eggens viser har for ein stor del vore samfunnskritiske og dermed eit brot med nostalgisk stemning og idyll som har rådd i så mye norsk viselitteratur. Dei tema tekstane tar opp er ikkje mindre aktuelle i dag, for visse tilstandar i samfunnet er lite forandra, somme har heller utvikla seg til det verre. Pendlarar må leva sitt brakkeliv ved byggeplassar og anlegg, â€kvar skal vi bu†er framleis eit påtrengande spørsmål for nye generasjonar, pengemakta rår i global målestokk, krig og nedslakting av sivile held fram – og meir til som gjer det viktig å finne uttrykk mot likesæle og â€teietidâ€.
Gjennom et samarbeid mellom Norsk Forfattersentrum og Via Music, ble Arnljot Eggen feiret av forfattere og meningsbærere med fullstappet kulturkveld på Josefine Viseklubb.
Jubileumsutgivelsen “Teietid” avsluttes med at Arnljot Eggen selv leser sin tekst “Lagnad sa vi”, sammen med Stian Carstensens trekkspillimprovisasjoner:
Lagnad sa vi
når vi slumpa til å snåve i einkvan
Lagnad sa vi
og filtra oss redde inn i kvarandre
Lagnad sa vi
og avslo å få låst opp lenkene
men let dei sløvt gro inn
Lagnad sa vi
og kasta alle nøklane i havet
Lagnad sa vi
og la fleire tunge bører på den berande
Lagnad sa vi
og smitta barn med øydeleggande sjukdommar
Lagnad sa vi
og heldt den unge under vatnet
Lagnad sa vi
når folk i grannelaget svalt i hel
Lagnad sa vi taktfast
hamra spikrar inn i kista
og overdøyvde protestane til han som låg der
Lagnad sa vi
og sette tunge steinar over opprørsmenn
(som var vi redde at dei skulle komma opp or jorda att)
Lagnad sa vi
medan nye hemmelege transportar rulla tungt forbi
og prestar gjorde krosstegn over alle segl
Lagnad sa vi
til barns beinstumpar og brende andlet
Lagnad seier vi
og vaskar ikkje berre hendene
men legg dei frå oss òg
Her er noen av Eggens fantastiske aforismer, også hentet fra platen “Teietid”:
“I byrjinga var Ordet. Så kom den fint modulerte og ordrike teiinga.”
“Det er grunn til å tru at somme forvekslar spegelen med vindauge.”
“Den som ikkje undrar seg over det daglegdagse, har ingen sans for det absurde.”
“Visst har vi alle ein heim i det store universet. Men mange har vanskar med å skaffe seg ein hybel.”
“Den som ikkje vågar seg ut i vatnet før han kan svømme vil alltid ha sitt på det tørre.”
“Reaksjonen på skandalene synest å vera omvendt proporsjonal med storleiken på dei.”
“Den største katastrofen er likesæla overfor katastrofane.”
Og så en aktuell etymologi:
“Ordet privatisering har sitt opphav i det latinske verbet privare som betyr å ta fra.”